Hopp til innhold

Økonomien er urovekkande

Fylkeskommunen er i ferd med å hamne i ein urovekkande situasjon økonomisk, viste budsjett-debatten i fylkesutvalet. Tysdag røysta Høgre, Frp og KrF mot forslaget om å auke løyvingane på kring 100 millionar kroner dei neste fire åra i forhold til fylkesrådmannen sitt budsjett. Torgeir Dahl (H) meiner det hastar med å kome i gang med ein omstilling. Kristin Sørheim (Sp) meiner staten ikkje stiller opp i forhold til finansiering av ferjene.

Fylkesutvalet
Foto: Trond Vestre / NRK