Hopp til innhold

Ankar ikkje dommen i Tingvoll

Verken Økokrim eller Kulturcompagniet ankar dommen etter oppussing av Tingvoll kirke. Dermed er dommen rettskraftig. Trondheimsfirmaet blei dømd til å betale 400 000 kroner etter å ha gjort skade på middelalderkyrkja under oppussinga. Dagleg leiar Bård Strømgren seier bøtenivået no er på eit nivå dei syns er greitt, og at dei aldri har vore i tvil om at dei er skuldige i brot på kulturminnelova.

Tingvoll kyrkje
Foto: Eirik Haukenes / NRK