Hopp til innhold

Hevdar kyrkja vart øydelagt av vinkelslipar

Seksjonssjef for konserveringsseksjonen hjå Riksantikvaren, hevdar det er brot på kulturminnelova og vil melde skaden til politiet.

Tingvoll kyrkje

Oppussinga av Tingvoll kyrkje har blitt stoppa.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Berre svalene brukar no stillaset ved Tingvoll kyrkje, elles er det heilt stille. Det er ein sterk kontrast til då Kulturminnekompaniet jobba på staden. Det som skulle vere forsiktig fjerning av gammalt murpuss, vart utført med vinkelslipar hevdar seksjonssjef for konserveringsseksjonen hjå Riksantikvaren.

Harald Ibenholdt

Seksjonssjef Harald Ibenholt ser alvorleg på skaden som han hevdar er gjort på kyrkja.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi opplever dette som alvorleg, for skadane er uopprettelege. Det er fjerna unike historiske spor frå handverkarane sine verktøy, hevdar seksjonssjef, Harald Ibenholt.

Ibenholt vart alarmert om korleis arbeidet på mellomalderkyrkja, og har no vore på synfaring.

– Vi meiner dette er eit klart brot på kulturminnelova og vil melde skaden til politiet.

– Trist og ufatteleg

Heilt sidan 1100-talet har steinane hatt spor etter dei som hogg dei ut. Spor som Ibenholt hevdar forsvann i det som skulle vere eit varsamt utført oppdrag.

Marit Lindberg

Kyrkjeverje Marit Lindberg seier det er trist og ufatteleg at noko slikt kan skje.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det er linjer i denne steinen, men på denne sida er det pussa vekk. Her har steinen fått runde slipemerker, seier kyrkjeverje, Marit Lindberg.

I følgje Lindberg kan ikkje dokumentasjon på teknologien og verktøyet som den gong vart brukt, lesast på fleire av steinane på kyrkjeveggen etter oppussinga.

Lindberg hevder at anbodet og oppdragspapira var tydelege nok.

– Som kyrkjeverje er eg forsvarleg forvaltar av kyrkja, så når det blir gjort skader ser vi alvorleg på det. Det er både trist og ufatteleg at noko slikt kan skje.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Kulturminnekompaniet som Ibenholt og Lindberg hevder påførte skadane på kyrkja.

Tingvoll kirke

Marit Lingberg viser fram skadane ho hevdar er gjort på kyrkjeveggen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK