Hopp til innhold

Fengsla på nytt

Ein utanlandsk mann i 30-åra er varetektsfengsla på nytt i fire veker, med brev- og besøkskontroll. Mannen er mistenkt for å vere ein sentral aktør i ei stor narkotikasak på Sunnmøre. Siktinga omfattar også grovt heleri. Mannen vart pågripen av politiet i mai, då det vart funne 20 liter av det narkotike stoffet GBL på loftet og i bilen hans.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL