Hopp til innhold

Underskotet held fram

Helse Møre og Romsdal hadde i mai eit underskot på 6,1 millionar kroner, målt opp mot resultatkravet. Til no i år er underskotet på 41,5 millionar kroner.

Underskotet har oppstått i hovudsak fordi Helse Møre og Romsdal brukar meir pengar til medisinar enn det dei har budsjett til.

Også meirforbruk til løn og innleige er med på å auke underskotet.

Økonomirapporten blei lagt fram for styret i dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL