Ber folk slå alarm
Pasient- og brukarombod Runar Finvåg ber folk slå alarm dersom dei har mistanke om at eldre blir utsette for tvang på sjukeheimar. Fylkesmannen avdekte nyleg at Aukra kommune braut lova då dei mellom anna dopa ned ein pasient for å unngå at han motsette seg stell. Undersøkingar har vist at bruken av tvang og makt på norske sjukeheimar er utbreidt, men Finvåg seier dei nesten ikkje får meldingar om slikt