Hopp til innhold

Dømt for fyllekøyring

Ein mann frå Giske er dømt til fengsel i 24 dagar etter å ha fyllekøyrt i desember i fjor. Mannen i 50-åra køyrde frå heimen sin til Vigra lufthamn for å hente ein kollega, trass i at han hadde drukke alkohol like før. Sunnmørsmannen hadde ei promille på 2,4 då han blei stoppa av politiet. Mannen mistar også førarretten i to år og må betale ei bot på 10.000 kroner.