Hopp til innhold

Må frigjere propellen

Redningsskøyta Idar Ulstein skal bistå ein trålar som har fått garn i propellen. Trålaren ligg 15 nautiske mil nordvest for Fjørtoftgrunna, og redningsskøyta var ikkje langt unna då dei fekk varselet. Det er førebels uvisst om trålaren må slepast nærare land eller om den kan få hjelp der den no ligg. – Det er ingen dramatikk, seier Nils-Ole Sunde ved Hovudredningssentralen.