Hopp til innhold

Privat brøyting i Kristiansund?

Leiar for Høgre i Kristiansund Torbjørn Sagen, vil ha undersøkt om det kan vere lønsamt å få private til å gjere snøbrøytinga. Sjølv om etaten har ord på seg for å vere effektiv, kan det vere lurt å finne ut om det er rett, meiner han. Byingeniør Eivind Rånes innrømmer at snøbrøytinga kom for seint i gang denne veka. Årsaka er at etaten prøvar å spare pengar, men Rånes trur ikkje det er pengar å spare på konkurranseutsetting.

Torbjørn K. Sagen i Høyre under ordførerdebatt
Foto: NRK