Hopp til innhold

Innbrot i bustadhus på Vatne

Politiet etterforskar eit innbrot i eit bustadhus på Vatne. Innbrotet blei meldt måndag ettermiddag og tjuvane skal ha kome seg inn ved å bryte opp ei verandadør. Fleire gjenstandar er borte frå huset, men politiet kan førebels ikkje seie kor store verdiar det er snakk om.