Hopp til innhold

Ammehjelpen slår alarm

Barselkvinner får ikkje den hjelpa dei har krav på i helsesystemet, meiner organisasjonen Ammehjelpen.

Amming

Ammehjelpen får mange telefonar frå fortvilte mødre. Kort liggetid på fødeavdelingane fører til at mange har mangelfull kunnskap om amming, meiner ammehjelpen.

Foto: Colourbox

– Helsetilbudet til kvinner som har fødd er skremande dårleg i mange av landets kommunar, seier leiar i Ammehjelpen Vibeke Høgseth.

Kort liggetid

Ammehjelpen meiner kort liggetid på sjukehuset etter fødsel, og mangel på jordmødre og helsesøstre i kommunene, går på helsa laus for kvinnene og dei nyfødde.

Organisasjonen Ammehjelpen får stadig fleire telefonar frå fortvilte, nybakte mødre, som lurer på det meste om amming.

Vibeke Høgseth, leder for Ammehjelpen.

Vibeke Høgseth, leder for Ammehjelpen. Ho fryktar at den korte liggetida på norske sjukehus etter fødslar vil føre til at fleire får problem med amminga.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Etter at liggetida på sjukehusa vart korta ned har telefonane blitt fleire, og spørsmåla meir banale.

– Mange som ringer manglar tydelegvis sjølv den mest vesentlege informasjonen om amming, seier Høgseth.

Redd for problem med amming

Vibeke Høgseth trur dette skuldast kort liggetid på sjukehusa, og at veldig mykje skal skje den korte perioden dei ligg der.

– Det er ikkje rart at barselkvinnene ikkje får med seg all informasjonen på så kort tid, seier ho.

Vibeke Høgseth er redd den korte tida på sjukehuset fører til at fleire mødre får problem med amminga.

– Det er det vi fryktar. Og det er heilt forferdeleg. Mange har ikkje fått i gang amminga når dei reiser frå sjukehuset. Dette kan føre til problem når dei kjem heim og mjølka kjem. Vi kan ikkje forstå at det skal sparast pengar på noko som er så viktig seier ho.

Tøft

På barseltreff i Ålesund er det mange meiningar om saka. Åshild Marie Lien er nybakt mamma til vesle Trym Nybø. Ho stadfestar at barseltida er tøff for mange som ikkje får den hjelpa dei treng.

Barseltreff i Ålesund.

Silje Voldsund, Åshild Marie Lien, Linn Haugen og Beate Hepsø har barseltreff i Ålesund. Dei er enige om at å prøve å spare pengar på fødande, er dårlig politikk.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Det er ei veldig stor omvelting å få eit barn. Mykje nytt, mykje som skal klaffe og mykje som kan gå gale, seier ho.

– Eg trur dei fleste tenker mest på fødselen, men eg trur nok tida etterpå er minst like overveldande for mange, seier ho.

Ho får støtte av Linn Haugen.

– Dersom dei skal spare, syneset eg dei kan gjere det på noko anna. Det er mange som treng ekstra dagar på sjukehuset, og mykje hjelp etterpå, seier ho.

Trange tider

På helsestasjonen i nabokommunen Skodje er dei også klare på at det er trange tider. Fleire nybakte mødre treng hjelp etter at liggetida på sjukehuset vart korta inn, men pengar til fleire stillingar, har dei ikkje fått, fortel Ragnhild Kaldussæter som er leiande helsesøster i kommunen.

– Nei, det må vi klare ved å omprioritere her på helsestasjonen, seier ho.

Hesestasjonen i Skodje.

Frå venstre: Ragnhild Kaldhussæter er leiande helsesøster i Skodje kommune Elin Kilvik Skeide er kommunejordmor og Rigmor Grindvik, helsesøster. Dei merkar godt at mange mødre treng meir hjelp.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Men statssekretær Robin Martin Kåss (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet, meiner ikkje at liggetida på sjukehusa etter ein fødsel er for kort.

Han meiner også at kommunane burde klare å gi nybakte mødre den hjelpa dei treng - med dei ressursane dei har no.

– Vi må sjølvsagt sjå på kvart budsjett om vi kan auke rammene til kommunane meir. Men vi meiner kommunane har mulegheit til å hjelpe mor og barn, seier Kåss.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL