Hopp til innhold

- Vil ha rentedugnad

Stortingsrepresentant Leif Helge Kongshaug (V) vil ha breitt samarbeid for å få ned renta.

Leif Helge Kongshaug

Leif Helge Kongshaug

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

- Det overordna målet for bedriftene og samfunnet elles må no vere at renta skal ned, seier Kongshaug.

Ekspansivt

- Regjeringa har laga eit ekspansivt budsjett for å halde arbeidsløysa nede, seier Kongshaug, men han er redd det kan vere for ekspansivt slik at renta held fram med å auke. - Elles saknar eg eit handslag til privat eigarskap i norsk næringsliv. Det er svært viktig at vi har eigarar som satsar på bedrifta. Å skjerpe skattane for dei i desse tider er eg sterkt imot, seier han.

Rentedugnad

- Eg høyrer det er snakk om å kalle inn til eit møte mellom sentralbanksjefen, finansministeren og Stortinget for i fellesskap å finne fram til kva vi kan gjere med den økonomiske siituasjonen. Eg trur tida er inne til ein dugnad der vi ikkje dyrkar skillelinjer og går i skyttargravene, men går saman for å få til eit budsjett som får ned renta og gjer at vi unngår finansuro, seier Leif Helge Kongshaug.

Pluss og minus

- Eg synest satsinga på samferdsel i budsjettet er bra, seier Kongshaug. - Positivt er det også at regjeringa tar det første steget for å rette opp den økonomiske skeivfordelinga mellom helseføretaka, men vi har økonomi til å greie det på eitt år.

- Eit minus er den passive haldninga til utfordringane innan eldreomsorg og rehabilitering. Der burde regjeringa vore mykje meir offensiv.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL