Hopp til innhold

- Krigserklæring mot næringslivet

Høgres Elisabeth Nørve fyrer laus mot eit statsbudsjett ho meiner set arbeidsplassane i fare.

Elisabeth Nørve

Elisabeth Nørve

Foto: Rune Hansen / NRK

- Vi ser dette som ei krigserklæring mot eit konkurranseutsett næringsliv i den økonomiske situasjonen vi er i no. Og når regjeringa strammar skatteskruen så kraftig som ho no gjer, fryktar eg for arbeidsplassane - spesielt i vårt fylke som har mange små og mellomstore bedrifter, seier stortingsrepresentant Elisabeth Nørve.

- Kva siktar du til?

- Dei aukar arveavgifta og gjer det vanskeleg for den unge generasjonen å ta over ei familiebedrift. Dei fjernar også 80-prosentregelen* i formuesskatten og aukar formuesverdien i næringseigedom. Dette er veldig uheldig når vi veit at denne regjeringa gjennom tre år har redusert konkurranseevna i norsk næringsliv i forhold til andre land, seier Elisabeth Nørve.

*80-prosentregelen innebærer at dersom formuesskatt og skatt på alminnelig inntekt overstiger 80 prosent av skattyters alminnelige inntekt, skal formuesskatten nedsettes. Skattytere må likevel betale 0,6 prosent skatt av nettoformue utover 1 mill. kroner. (Kjelde: regjeringa.no)

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL