Hopp til innhold

- Utfordrande for kommunane

- Det blir ei utfordring for kommunane å oppretthalde tenestenivået vi har i dag med dette statsbudsjettet, meiner leiar i rådmannsutvalet KS i Møre og Romsdal, Arne Sverre Dahl.

Arne Sverre Dahl
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Sjølv om kommunane får ein samla realvekst på 8,4 milliardar kroner, forsvinn den i auka løns- og pensjonskostnader, høgare renter og prisauke.

- Dermed ligg det an til nedskjæring i kommunane neste år, meiner Dahl.

- Lite til skule og eldre

- I realiteten har ein fått kompensert for lønsoppgjeret, men det er ikkje, etter mi meining, friske pengar inne i årets statsbudsjett som kan sikre at ein held tenestenivået på nivået ein har i dag, seier han.

Målsetjinga til regjeringa om full barnehagedekning nærmar seg. Det same gjeld målet om ti tusen nye tilsette i pleie- og omsorgssektoren i perioden.

Men behovet for pleie aukar endå meir, og rådmannsleiaren trur at dette statsbudsjettet gjer at både eldreomsorga og skulesektoren får for lite ressursar i tida framover.

Dei rentefrie låna til opprusting av skular, symjehallar og kyrkjer, trur ikkje han får så mykje å bety.

Over toppen

Dahl trur ikkje kommunane kjem til å gjere så mange investeringar framover.

- Vi vurderer det nok sånn at investeringstoppen, den er vi ferdige med. Vi har jo hatt ei ordning med momskompensasjon på investering, som no gradvis blir avvikla frå 2010, seier han.

- I løpet av dei siste fire-fem åra har det vore store investeringar rundt om i dei fleste kommunar, men eg trur nok at den toppen no er over, meiner han.

- 2008 blir nok framleis eit år med store investeringar, men frå 2009 og framover blir det nok rolegare, legg Dahle til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL