Hopp til innhold

- Vi har tatt farvel

I dag har presten i Ørsta, Arne Moltubak, gravlagt den første av ungdommane som døde i Eiksundulykka.

Arne Moltubak, prest i Ørsta

TUNG DAG: Den første av dei fem omkomne er gravlagt i dag. - Det er så mange som er råka så dette er ekstra tungt, seier Prest Arne Moltubak

Foto: Andreas Sundby / NRK

- No har vi følgd den avdøde så langt vi kan og tatt avskjed, seier presten.

Kyrkja i Ørsta var full då familie og venner samlast for å ta eit siste farvel med Jan-Erik Eriksen (28) måndag ettermiddag.

Sterk sorg

- Mange går ei tøff tid i møte, seier Arne Moltubak.

Dette er den første av fem gravferder som skal haldast i Ørsta og Ulstein denne veka.

- Det har vore så mykje sidan ulykka, først no vil folk setje seg ned og då kjenner ein sorga ekstra sterkt.

Video nsps_upload_2009_7_6_19_9_13_315.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Tragedie

Då dei første meldingane kom inn seint søndag kveld den 28.juni ante ingen kor stort omfanget av ulykka skulle vise seg å vere.

Fem personar omkom då to bilar kolliderte søndag 28.juni. Ein personbil med fire unge menn frå Østa tok fyr etter samanstøtet og fleire bilar som kom bak måtte rygge ut for å unngå røyken.

Les alt om dødsulykka i Eiksundtunnelen her

I Ulstein kyrkje blir det gravferd for Sigbjørn Tødenes (52) tysdag 7.juli. Same dag blir det også gravferd i Ørsta for Øystein Hovden (23) og Tore Engeset (30). Frode Takset (23) skal gravleggast i Ørsta onsdag 8.juli.

Lys

Mange har spørsmål som ein aldri vil få svar på seier presten, men ønsker å halde fram lyset som eit døme på håp midt i det tunge.

- Eg tenker på alle lys som folk har tend denne veka. I tunellen, i kyrkja og i heimane sine, seier Arne Moltubak.

- Eit lys treng ikkje å vere stort og sterkt for å trenge gjennom. Sjølv eit lite lys kan skinne gjennom slik at mørket ikkje er totalt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL