Hopp til innhold

Fotoboksar i september

Statens vegvesen har starta arbeidet med å sette opp to fotoboksar i Eiksundtunnelen.

Fotoboks

Illustrasjon.

Foto: NRK

Vegvesenet håper desse skal vere i drift i slutten av september.

Les også: Krev fotoboksar i Eiksundtunnelen

Det blir sett opp ein fotoboks i kvar køyreretning i botnen av tunnelen. Vegvesenet vil også vurdere om det er behov for å sette opp ein fotoboks til i tunnelen.

Grunnen til at det no blir sett opp fotoboksar er at ein håper dette tiltaker vil hindre ulukker. 28. juni i år omkom fem personar etter ein frontkollisjon mellom to personbilar i Eiksundtunnelen.

Les også: Fem omkom i tunnelulykke

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL