Hopp til innhold

Eitt år sidan Eiksundulykka

Eitt år etter Eiksundulykka etterlyser Ørsta-ordførar Gudny Fagerhol igjen fleire fotoboksar i Eiksundtunnelen for å få bukt med råkøyringa der.

Dødsulykka i Eiksundtunnelen ramma hardt. Fem omkom.

Fem menneske omkom nede i Eiksundtunnelen for eitt år sidan.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Les alt om Eiksundulykka

Gudny Fagerhol

Ørsta-ordførar Gudny Fagerhol.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

–Denne tunnelen, som er blant dei lengste, burde få fleire fotoboksar. Dei andre har fått det i starten, og då krev vi også å få fleire, seier Ørsta-ordførar Gudny Fagerhol.

Fem omkom

Ulykka i Eiksundtunnelen for akkurat eitt år sidan i dag kravde fem menneskeliv. Politiet konkluderte raskt med at svært høg fart var ei av årsakene til ulykka, og fartsmålingar viste at tunnelen var ein ynda stad for fartsleik.

–Fotoboksar har effekt

Odd Kulø

Lensmann Odd Kulø

Foto: Frode Berg / NRK

Dette førte til at sunnmørsordførarane kravde fotoboksar, og fekk det. I ettertid meiner lensmann Odd Kulø at det har hatt effekt.

–Det skjer nok brot i dag også, men vi har ikkje registrert nokon av den dimensjonen som vi såg i fjor, seier Kulø.

Justisministeren kjem

Fagerhol trur også at mange har blitt skremt frå å køyre fort i tunnelen, men meiner det likevel må gjerast konkrete tiltak for å unngå nye dødsulykker. I haust har ho invitert justisministeren til Ørsta, og kjem han, blir han invitert med på tur gjennom Eiksundtunnelen. Fagerhol håper det vil føre til at dei siste fotoboksane kjem på plass.

Minnemarkering etter ulykka i Eiksundtunnelen

Mange ville heidre dei som omkom i Eiksundtunnelen.

Foto: Gunnar Wiik