Det seier styreleiar Svein Kroken, og viser til at reiselivslaget no har eit godt samarbeid i Atlantic Safari.
Eit nytt samarbeid med Golden Route føreset at Rauma og Geiranger blir likestilte, seier Kroken. Rauma trekte seg ut av Golden Route samarbeidet med Stranda og Norddal, fordi dei følte at Rauma ikkje blei sidestilt med Geiranger som turistmål. Kroken seier at det var uaktuelt for Rauma å godta at turistkontoret berre skulle ha sommarope.
Sandnes inviterer
Det er ordførar Arne Sandnes i Norddal som ønskjer seg tilbake til Golden Route-samarbeidet i reiselivssektoren. Rauma, Norddal og Stranda bør vere saman i ein organisasjon, meiner Sandnes. Han har tru på at eit nytt samarbeid mellom Rauma, Norddal og Stranda vil bli ei slagkraftig eining som kan marknadsføre regionen på ein glimrande måte.
Ekstra rekning
Destinasjonsselskapet Geirangerfjorden-Trollstigen har uventa søkt Norddal om eit ekstratilskot på 400 000 kroner. Det har ikkje Norddal økonomi til, meiner Sandes, og kommunen skal no vurdere kva samarbeidsformer dei kan leve med innan reiselivet i framtida.