Hopp til innhold

- Tunnel må kome raskt

Ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre, Orkidè, ber om at det blir satt fortgang i arbeidet med å byggje ein samanhengande tunnel på riksveg 70 langs Oppdølsstranda i Sunndal.

Oppdølsstranda
Foto: Eirik Haukenes

Sist søndag blei fleire bilar ramma av eit steinras, og ein person blei alvorleg skadd.

Det har og tidlegare gått fleire ras på denne vegen.

Orkide ber om det blir løyvd ekstraordinære pengar og meiner båt- og ferjetransport må vurderast som alternativ til ei permanent løysing er på plass.

- For mange av kommunane på Nordmøre er riksveg 70 hovudvegsamabndet mot Oslo, og strekninga mellom Kristiansund og Sunndal er og eit svært viktig samband for næringslivet. Det er uhaldbart at ein stamveg er stengt i periodar der alternativ omkøyring er 16 mil, heiter det i uttalen frå ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL