Ordninga inneber skattelette for reiarlaga og skal gjere det meir attraktivt å tilsette norske sjøfolk.
Kristansundsreiar Einar Staknes fryktar dei ikkje klarer seg i kampen mot utanlandske fraktebåtar, som har langt lågare lønsutgifter.
Einar Staknes, fraktebåtreiar.
Skipsfartsmeldinga
I dag skal skipsfartsmeldinga behandlast i stortinget, og dersom ingen skiftar meining i siste liten dannar regjeringspartia saman med SV truleg eit fleirtal mot å innføre nettoløn for frakteflåten.
For Staknes i Kristiansund er dette tungt å svelje. For å prøve å halde hovudet over vatnet har dei tilsette gått med på lønsreduksjon inntil vidare.
Nei frå SV
Inge Rian i SV seier han forstår frustrasjonen til Staknes, men står likevel på eit nei til nettoløn. Asmund Kristoffersn i Arbeidarpartiet er saman med Frp, og Senterpartiet i mindretal i denne saka. Han trur ikkje siste ord er sagt.