Tilstanden er god for dei fem av mannskapet som vart lagt inn på sjukehus etter forliset av Stålegg Senior utafor Brønnøysund i går ettermiddag.
Måtte hoppe i sjøen
Mannskapet på 12 mann måtte hoppe i sjøen, då båten fekk motorstopp og dreiv mot land.
Den 44 år gamle Ingebjørn Johan Volle fra Sula omkom, medan sju av mannskapet kom seg i land på ein holme. Fire andre blei plukka opp frå sjøen av redningshelikoptet etter omlag 20 minutter, fortel fiskar Roy Inge Olsen.