Hopp til innhold

- Situasjonen er vanskeleg

- Så me må halde oss til saka, seier styremedlem Bjørg Henriksen i Helse Midt-Noreg.

Bjørg Henriksen

- VANSKELEG SITUASJON: Det seier tilsettrepresentant Bjørg Henriksen i styret i Helse Midt-Noreg.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Den eine dagen slår den andre i hjel med det som skjer, seier dei tilsette sin representant, Bjørg Henriksen. Ho er også med i valkomiteen som no skal finne ein ny styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal.

Etter at Helge Aarseth trekte seg som styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal måndag har styret i Helse Midt-Noreg sett sin valkomité i sving for å finne ein erstattar.

Har ikkje konkludert

Styreleiar Kolbjørn Almlid i Helse Midt-Noreg er også leiar i valkomiteen. Han seier det er aktuelt for føretaket å gå utanfor regionen for å finne den nye styreleiaren.

- Eg har ikkje lyst å konkludere på noko vis akkurat no. Det viktige er at me finn ein kandidat som kan vere ein god kandidat for Nordmøre og Romsdal, seier Henriksen om det.

- Må sjå litt tilbake

No blir prosessen med å hente inn styreleiar sett i gong, og vil truleg vente til føretaksmøtet den 24. januar er over, før det blir avklara. Der vil det også bli diskutert om Møre og Romsdal skal bli eitt helseføretak, ei sak Henriksen ikkje vil konkludere i.

- Det viktige der er at det lokale styret ikkje er historielause, og at dei ser litt tilbake til det som skjedde før sjukehusa vart føretak, seier Henriksen til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL