Hopp til innhold

- Styreleiaren må kunne stå rak

- Og ikkje kunne anklagast for å ta side i sjukehusstriden, seier styreleiar Kolbjørn Almlid i Helse Midt-Noreg.

Video - Vanskeleg å finne ny styreleiar

Det var hovudmomenta som styret i Helse Midt-Noreg sette opp når dei skal finne ny styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal.

- Kva bakgrunn skal ein styreleiar ha, og kvar skal me hente den, spurde Almlid vidare.

Leitar i heile landet

Sidan styreleiaren i Helse Nordmøre og Romsdal er utnevnt av eigaren kan helseføretaket gå ut i heile landet og hente inn personen. Det kan vere viktig, seier Almlid, som meiner styret stilte seg bak forslaget om å gå utanfor helseregionen.

- Det var ingen i styret som motsette seg å hente inn styreleiar frå utanom helseregionen, sa Almlid på spørsmål frå dei frammøtte journalistane.

No blir det komande føretaksmøtet i Helse Midt-Noreg viktig, meiner Almlid, og seier at det ikkje er sikkert at det kjem på plass ein ny styreleiar fort.

- Vanskeleg å finne styreleiar i slik stridssone

- Det er uansett ikkje sikkert me får gjort noko før den tid. Det er ikkje akkurat enkelt å hente inn ein ny styreleiar i ein stridssone som dette jo er, sa Almlid.

Trass i at namnet på saka på styremøtet var "situasjonen for styret i Helse Nordmøre og Romsdal" vart det ikkje diskutert om fleire i styret burde byttast ut. Dermed blir det berre styreleiar Helge Aarseth som blir bytta ut.

Inntil vidare vil nestleiar i styret få tilbod om å ta over som styreleiar, medan valkomiteen gjer sitt arbeid for å finne Aarseth sin arvtakar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL