BLIR ERSTATTA: Helge Aarseth stilte denne veka vervet som styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal til disposisjon.
Foto: NRKEtter at styreleiar
frå sitt verv som styreleiar tidlegare denne veka måtte styret i Helse Midt-Noreg finne ein erstattar.Når styret tok brevet frå Aarseth til etterretning, setje også styret i gong valkomiteen som no skal jobbe for å finne erstattaren.
- Les også: | |
Usikkert kva helseministeren vil
Styreleiar Kolbjørn Almlid i Helse Midt-Noreg opna møtet med å orientere om den vanskelege situasjonen ein er komne i når det gjeld sjukehus i Nordmøre og Romsdal. For etter eit brev frå helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen før jul er det skapt endå større strid enn tidlegare i regionen.
- Brevet kan tolkast til at ein vil ha eitt sjukehus i regionen, men lenger enn det vil eg ikkje dra det, sa Almlid på spørsmål frå styret.
Saka skal behandlast i eit føretaksmøte seinare i vinter, og der vil det også bli avklara korleis strukturen mellom føretaka i Helse Midt-Noreg blir framover.
- Les også:
- Må vere formelle
- Me må halde hovudet kaldt, og hjartet varmt, og sikre at me gjer jobben vår på best mogleg måte, sa han til styret.
Styret har hatt eit ønske om å få til ei løysing som alle kan vere fornøgde med i Nordmøre og Romsdal, men det er ikkje Almlid lenger så sikker på at dei kan få til.
- Me må vere formelle i det me gjer, og nokon kjem truleg til å føle at dei ikkje nådde fram i kampen, sa han.