10 millionar
I fjor gjorde fare for ras at vegen ikkje blei opna før i slutten av juni, og det ramma turistnæringa hardt.
Rassikringsarbeidet kostar 10 millionar kroner, men det er løyvd berre ein mindre del av beløpet.
Aasen krev at regjeringa løyver resten i revidert nasjonalbudsjett.
- Ja, det gjer eg. Klart eg gjer det. Det er heilt naudsynt å fullføre dette arbeidet, sier Aasen.
-Uakseptabelt
Fylkesordfører Jon Aasen
Vegen mellom Geiranger og Grotli er ein pulsåre for turistnæringa i Møre og Romsdal. Men i fjor blei det bråstans i mange veker. Vegen som til vanleg blir opna i mai, var stengd heilt til slutten av juni på grunn av fare for at Stavbrekkfonna skulle rase ut. Det svei økonomisk og det var ei ripe i lakken for turistnæringa.
Arbeidet med å rassikre vegen til om lag 10 millionar kroner, kom så smått i gang etter at dei første mllionane blei løyvd i fjor. Resten av pengane skulle kome seinare, men ingenting har skjedd.
I år er det ingen fare for det er for lite snø. Vegen kjem høgst sannsynleg til å opne til vanleg tid.
Men det vil kome snørike vintrar etter dette, og ei gjentaking av fjoråret vil vere helt uakseptabelt, meiner fylkesordførar Jon Aasen
Optimist
Geir Gjærde
Men turistsjefen i Geiranger, Geir Gjærde er optimist. Han trur pengane kjem i revidert nasjonalbudsjett.
- Vi kan ikkje lever i uvisse, men er trur dette går vegen, seier Gjærde.
Men fylkesordførar Jon Aasen veit at pengane ikkje kjem av seg sjølve. Det blir viktig å trykke på når pengane skal fordelast i revidert nasjonalbudsjett, seier han.