Hopp til innhold

- Polaris blir ingen tung aktør

- Dette blir ingen tung medieaktør, seier medieforskar Sigurd Høst om den nye Polaris Media.

Medieforsker Sigurd Høst ved HiO

I Kulturnytt på NRK onsdag morgon fekk forskaren frå Høgskulen i Volda spørsmål om kor mektige Polaris Media no blir.

- Den blir større enn no, men det blir ingen tung aktør. Dette blir eit mellomstort mediekonsern, seier han.

- I forhold til dei vi har no, Schibsted og A-Pressen, så er dette i ein storleik under. Men blir det ein realitet, så blir det eit nyttig korrektiv til dei to store.

Onsdag morgon kom børsmeldinga om salet av delar av Edda Media. Dermed blir Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Edda sitt trykkeri i Ålesund solgt til det trøndelagsbaserte Polaris Media.

Og i begge mediehusa blir handelen godt motteke:

- Ville vere med på salet

- Eg veit at dei har sagt at dei vil med på dette kjøpet. Dei har vore i ein vanskeleg situasjon lenge, med uklarheit rundt eigar, seier han.

For avisene har også tidlegare vore solgt, og heller ikkje då utan at det har vore debatt rundt det. Hausten 2008 byrja det å bli snakk om at avisene nok ein gong kunne bli solgt.

- Det var mykje uro då Orkla Media vart solgt til Mecom. Så har det vist seg at Mecom har vore ein dårlegare eigar enn nokon kunne tenkt seg. Dei hadde mest sine eigne økonomiske problem å tenke på, og ikkje hadde moglegheit til å gjere noko langsiktig for avisene, fortel Høst.

Naturleg del å selje

- Salsprosessen no har også vore vanskeleg. Det er vanskeleg for aviser å vere lagt ut for sal to gongar på rad.

No blir det spekulert i om A-Pressen vil kjøpe opp resten av Edda Media, men der fins det fleire alternativ. Tidlegare har det vore sagt at Edda Media berre vil selje ut heile konsernet, men no går altså berre ein bit over til Polaris Media.

- Skal ein fyrst selje ut ein bit av Edda Media, er desse to ein naturleg bit å selje. Dei ligg geografisk litt unna dei andre Edda-avisene, og dei ligg i god nærleik til Adresseavisen, og senteret for Polaris, seier Høst.

Ikkje konkurranseproblem

Dette vil bli ein stor medieaktør i Midt- og Nord-Noreg. Men Høst trur likevel ikkje at det vil føre til problem med konkurransetilsynet.

- Nei, truleg ikkje. Eigarskapstilsynet har delt landet i regionar. Sunnmøre og Nordvestlandet kjem då i ein annan region enn Trøndelag, så eg trur ikkje det blir eit problem, seier han.

- Reelt sett blir det ein tung konsentrasjon i det området, og det er mange som meiner at Adresseavisen er veldig sterke i sitt område, og at dei no vil bli endå sterkare, og får utvida området sitt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL