Hopp til innhold

- Endeleg avklart

- Noko som lenge har vore uavklart er no på plass, seier redaktør i Romsdals Budstikke, Ole Bjørner Loe Welde.

Ole Bjørner Loe Welde
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

- Meldinga om at Polaris blir våre nye eigarar er godt motteke i vår organisasjon. Det blir veldig spennande å møte Polaris ved fyrste høve, seier Loe Welde.

Prosessen har vore i gang lenge, og det er lenge sidan fyrste gang Polaris Media var nemnt i den samanhengen.

Han har, på same måte som Sunnmørsposten, allmøte for sine tilsette i Romsdals Budstikke onsdag morgon.

Avisa viktigast

- Der vil eg informere kort om det som skjedde i går kveld. Det vil nok vere ein del spørsmål knytt til dette, og deretter vil vi lage avis slik vi gjer det kvar dag.

Og lage avis er det viktigaste dei gjer, seier redaktøren, som er trygg på at framtida vil bli endå betre for avisa med nye eigarar.

- Eg syns Polaris Media er eit veldig spennande mediekonsern, og trur at dei har mykje å tilføre oss, samstundes som vi har erfaring med å tilhøyre ein større mediegruppe, som vi kan tilføre dei.

Held fram som same avis

Lik Sunnmørsposten-redaktør Hanna Relling Berg, trur heller ikkje han at avisene i Møre og Romsdal blir trønder-aviser med Polaris Media som eigarar.

- Eg trur ikkje det vil vere ein stor merkbar skilnad for våre lesarar. Vi skal halde fram med å vere Romsdals Budstikke slik våre lesarar kjenner oss.

- Reint praktisk kan vi seie at det blir ein liten skilnad frå å vere eigd av Edda og Mecom, men i det daglege vil nok ikkje det utgjere ein stor skilnad.