Hopp til innhold

Slik var salgsprosessen

Det gjekk lang tid frå fyrste gang det vart nemnt, til det skjedde. No er salet av Edda Media sine eigendelar i Møre og Romsdal eit faktum.

Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten

Romsdals Budstikke, Sunnmørsposten og Edda Media sitt trykkeri i Ålesund er aktuelle for sal til Polaris Media.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

- Vi har inntrykk av at noko er på gang, men er ikkje sikre, sa klubbleiar i Sunnmørsposten, Johan Behrentz til NRK tysdag.

Sal mot nord

Det er no klart at Polaris Media skal kjøpe Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Edda media sitt trykkeri i Møre og Romsdal. I tillegg blir lokalavisene som Edda eig i fylket ein del av pakken.

Til NRK Møre og Romsdal sa Behrentz tysdag at han er nøgd med at det kan bli norske eigarar av avisene igjen, men at han vil vente med å sleppe jubelen laus til dei veit meir om kva som skjer etter eit eventuelt eigarskifte.

Lang veg mot sal

Dermed går det no mot ein slutt i den lange diskusjonen om kven som skal eige avisene i Møre og Romsdal. Under kan du lese nokre av sakene NRK Møre og Romsdal har hatt om saka sidan hausten 2008.

Februar 2009

Desember 2008

Oktober 2008