Sju av ti lærarar i grunnskulen er kvinner, og fleire tar no til orde for at noko må gjerast for å få ein betre kjønnsbalanse.
- Det er forlengst slått fast at dette er eit problem, men ingenting har blitt gjort, seier Haug.
Ill.foto: Berit Keilen, Scanpix
Tre av ti
Berre tre av ti lærarar i grunnskulen i Noreg er menn, og for barneskuletrinnet er ubalansen mellom kjønna enda større. Samtidig viser utviklinga at kvinneandelen hjå nyutdanna almennlærarar stig.
- Eg trur at skule som arbeidsplass er blitt mindre interessant for menn, fordi læraryrket er blitt eit omsorgsyrke på bekostning av fag og læring. Det appelerar rett og slett mindre til menn å vere lærarar, seier Haug.
Reidun Vigestad Berge.
Omsorg
Velle skule i Ørsta har som andre barneskular i Noreg eit lærarrom der mennene er i sterkt mindretal. Utviklinga viser at denne trenden vil halde seg i åra som kjem, for hjå nyutdanna lærarar er kvinneandelen enda større enn hjå dei som har nokre år bak seg i læraryrket. Rektor Reidun Vigestad Berge ser at dette er eit problem.
- Vi har eit veldig feminint miljø på skulen, for i tillegg til at eit stort fleirtal av lærarane er kvinner, er også assistentane det. Det er sunnare for både born og lærarar med ein betre balanse mellom kjønna, seier ho.
Uheldig
Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Lisbet Rugtvedt, meiner det er uheldig at det er så få menn i grunnskulen. Ho lovar no at kunnskapsdepartementet skal tak i situasjonen.
- Vi har ingen konkrete tiltak klare, men vi ser alvorleg på situasjonen. Rapportar om at gutar er taparar i skulen er spesielt urovekkande, og dette kan ha noko med talet på menn i lærarstillingar, seier ho.