Hopp til innhold

- Ikkje heng piratane

- Det er ikkje sjøfolk si oppgave å drive krig. Det vil føre til at sjøfolka også blir sett på som ein fiende, seier Jarle Johansen fem år etter han sjølv var kidnappa av piratar.

Video 6abb981f-4e24-4199-856e-bea812fd10c1.jpg

UEINIG MED STOLT-NIELSEN: Jarle Johansen meiner det ikkje vil hjelpe å avrette piratane.

- Det var radikalt. Det blir feil, og det kan bli farleg for sjøfolka, meiner Jarle Johansen.

Det radikale er utspelet til skipsreiar Jacob Stolt-Nielsen. I eit lesarinnlegg i Dagens Næringsliv skriv han at det berre er makt piratane forstår. Difor føreslår han at dei skal avrettast på staden.

Den eneste måten å få piratvirksomheten til å avta på er å henge piratene. Det eneste språket de forstår er makt , seier han til avisa.

- Vil få røffare behandling

For fram til no har ikkje sjøfolka og piratane vore fiendar, meiner Johansen. Han viser til si eiga oppleving då han vart kidnappa i Nigeria for fem år sidan.

Om mannskapet hadde vore væpna, trur han ikkje dei ville fått like god behandling.

- Dei skipa som er tungt væpna blir då ikkje tekne, medan dei som ikkje er det blir tekne. Dei vil bli utsette for hardare behandling medan dei er fanga. Om dei i det heile tatt kjem seg ut av fangenskap tvilar eg på, seier Johansen.

- Aldri meir til Nigeria

Roger Bjerkås og Jarle Johansen under pressekonferanse i Ålesund.

FRI TIL SLUTT: Saman med Roger Bjerkås (t.v.) heldt Jarle Johansen pressekonferanse etter dei vart slepte fri i Nigeria.

Foto: Andrè Pedersen / Scanpix
Gjensynsglede på Vigra.

GJENSYNSGLEDE: Etter ei veke i fangenskap var det glede då sjøfolka kom tilbake til norsk jord.

Foto: Rune Hansen / NRK

Det sa Jarle Johansen då han i august 2006 heldt pressekonferanse i Ålesund. Han var nett sett fri av kaprarane som heldt dei fanga utanfor Nigeria.

Dramaet starta 8. august, då åtte-ti tungt væpna menn skaut på skipet frå ein gummibåt. Forsyningsskipet Northern Comrade vart borda, og mannskapet kidnappa.

- Samanlikna blir ei helvetesveke i Forsvaret ingenting, seier Johansen nesten fem år etter.

Han har no lagt episoden så langt bak seg at han ikkje vil rippe for mykje opp i det.

- Men eg unnar ikkje min verste fiende å prøve dette, seier han.

- Vil gå fleire liv

Johansen har diskutert temaet med mange andre kapteinar som har vore i same områda. Han meiner stemninga er delt blant sjøfolka. Medan ein del vil ha væpna mannskapet, meiner ein annan del at dette bør vere opp til militæret.

Artikkelen held fram under bildet.

- IKKJE HENG PIRATANE: Det vil ikkje stoppe dei, seier Jarle Johansen. Hør radioinnslag her. Reporter er Birthe Bringsvor.

Jarle Johansen

- VIL GÅ FLEIRE LIV: Skyt den eine, vil den andre skyte med større våpen, seier Johansen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

- Eg er av den siste typen, seier Johansen.

- I det sjøfolka byrjar skyte tilbake mot piratane og drep deira brødre, då vil dei bli sett på som fiende, og innstillinga hos piratane vil forandre seg. Då vil det gå mange fleire liv hos sjøfolka når dei fyrst blir tekne, trur han.

- Vil ikkje avskrekke

Trass i at han ikkje er einig i det Stolt-Nielsen føreslår, ser han at noko må gjerast.

- Alle vil gjere noko med det, men det er snakk om å gjere dei riktige tinga. Reiarane greier ikkje heilt å tenkje seg inn i sjøfolka si rolle. Det er sjøfolka som blir ramma, så dei må styremaktene høyre på. Det er ikkje alltid dei luraste folka er reiarar, seier den tidlegare kapteinen.

Han er veldig glad for at han saman med mannskapet kom unna i 2006. Men om det blir aktuelt med væpning trur han ikkje alle vil vere like heldige. For i Nigeria var det ikkje så farleg for folk å bli tekne for kidnappinga.

Jarle Johansen

HELD SEG TIL SJARKEN: Johansen er no berre ute med sjarken, og på turar til Nordsjøen som inspektør.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

- Nokre tusen kroner i lomma er mykje viktigare enn om dei skulle bli hengt. Det spelar inga rolle for dei, fordi dei har ikkje noko å leve for likevel, seier han.

- Stopp dei på stranda

- I staden for å avrette dei må ein stoppe piratane tidlegare, seier Johansen.

For med små ressursar og ein blokkade av den somaliske kysten trur han at dei kunne stoppa problemet. Når piratane fyrst er komne ut til skipa er det for seint, trur han.

- Stopp dei før dei kjem seg ut i småbåtane. Dei må ikkje kome seg frå stranda, meiner han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL