Det meiner leiar i Samferdselskomiteen på Stortinget, Petter Løvik frå Høgre.
Skeptisk
Samferdselsdepartementet har skrive eit krast brev til dei involverte i Imarsundprosjektet.
Departementet er skeptisk til måten prosjektet skal finansierast på og meiner at sjølve kostnadsoverslaga er usikre.
Overraskande
Vegprosjektet som skal knyte kommunane Aure og Tustna saman skal mellom anna nytte seg av innsparte ferjesubsidiar frå samband som blir lagt ned når vegprosjektet står ferdig.
Det er spesielt dette punktet departementet har innvendingar til, noko som kom litt uventa på Løvik.
Møte måndag
Måndag har samferdselsminister Torhild Skogsholm kalla inn til eit møte om prosjektet.
På møtet skal ordførarane frå dei to kommunane, og også leiaren i samferdselskomiteen, Petter Løvik, vere med.