140 dyrevernorganisasjonar i over 50 land innleiar i dag ein kampanje mot kvalfangst.
Dei har sikra seg den britiske naturfilmskaparen David Attenborough som frontfigur.
Frå ein tidlegare kvalfangst
I ein rapport hevdar dyrevernarane at kval som blir treft av harpun i snitt lid i to minutt før dei døyr.
Men kvalfangar Ole Mindor Myklebust frå Sandøy avviser at dyra lir.
- 80 prosent av dei skotne dyra døyr med ein gong.
Ole Mindor Myklebust
Dei resterande er medvitslause, og kjenner difor ikkje smerte, seier Myklebust.
- Noreg har gode kvalfangarar og gode fangstreidskapar, som gjer at dyra ikkje lid unødvending, meiner Myklebust.
Kvalfangsten startar i månadsskiftet april/mai, og ifølge rapporten frå dyrevernarane må 1400 kvalar bøte med livet i år.