Hopp til innhold

- Flagga til topps!

Ordførar Frank Sve jublar over at rassikringsarbeidet mellom Stranda og Hellesylt kjem i gang neste år.

Frank Sve

Frank Sve

Foto: NRK

Regjeringa har i statsbudsjettet auka løyvinga til rassikring med 130 millionar slik at heile potten no er på 650 millionar kroner.

- No kan flagga gå til topps både på Stranda og Hellesylt, seier ein glad Frank Sve (Frp) til NRK Møre og Romsdal. - Dette har vi kjempa for i mange tiår, så dette er ei gledesmelding.

Endå så glad han er, kan han ikkje vere heilt nøgd. - Vi må opp i ein milliard for å få til den rassikringa som trengst både i Møre og Romsdal og andre stader. Det har fylket og Nasjonal rassikringsgruppe stått samla om. Men vi er eit langt stykke på veg, og eg vonar vi kan få ordna det i samband med budsjettrevideringa neste år, seier han.

Frank Sve er også glad for at det er sett av 10 millionar til skredvarslingsprosjektet i Storfjorden. - No er vi nøgde med regjeringa! 10 millionar er også litt i underkant, men no kan vi jobbe vidare i lag med NVE, som er det nye "rasdepartementet", seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL