Påstandane kom fram etter at mannen blei tatt for å ha køyrt for fort i 2002.
20-åringen er dømt til seks månader fengsel, der fem månader er på vilkår.
Fartskontroll
Den 20 år gamle mannen vart stoppa av politiet ei desembernatt i 2002 fordi han hadde køyrt for fort, noko han seinare også vart dømt for.
Og det var under pågripinga at han skulle ha blitt utsett for vald av ein av dei to politimennene som kom til staden.
20 åringen har i politiavhøyr forklart at den eine politimannen slo hovudet hans i panseret på bilen slik at han fekk merke i panna og kutt i leppa som blødde.
Påstandar
Men 20 åringen hadde med seg ein kamerat i bilen, og han hadde ikkje sett noko til den påståtte valden.
Den andre polititenestemannen som var på staden hadde heller ikkje sett noko.
Ut i frå forklaringane til politimennene og kameraten til den domfelte slår retten fast at det aldri har blitt brukt fysisk vald mot 20-åringen.
Politimannen som vart skulda for valden, forklarte seg i retten om påkjenningane, som hadde gjort det vanskeleg for han å gjere jobben sin.
Må sone ein månad
Retten vurderer 20 åringen til å vere umoden og har tatt omsyn til at han lir av dysleksi og difor har problem med å lese og uttrykke seg, og har tatt omsyn til dette i vurderinga av straffa.
20 åringen er dømt til seks månader fengsel, der fem månader er på vilkår med ei prøvetid på to år.