Hopp til innhold

- Arbeidslysta forsvann etter møtet

- Det var ikkje mange som hadde gnisten til å jobbe etter allmøtet i går, seier Rita Helen Langø etter at det torsdag vart kjent at Ekornes vil legge ned fabrikken på Stranda.

Britt-Unni Rødset, Rolf Giskehaug og Rita Helen Langø

Britt-Unni Rødset, Rolf Giskehaug og Rita Helen Langø fekk torsdag beskjed om at arbeidsplassen deira kan bli nedlagt.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Eit forslag frå leiinga i konsernet går ut på å kutte 180 årsverk, deriblant blir dei 74 tilsette på Stranda utan jobb.

Rita Helen Langø

- Alt rasa saman for meg, seier Rita Helen Langø om møtet der ho fekk beskjed om at arbeidsplassen blir lagt ned.

Foto: Åge André Breivik / NRK

For Rita Helen Langø var torsdag ein veldig tung dag på jobben.

- Eg visste ikkje heilt kva eg skulle tenke. Eg byrja eigentleg berre å grine og vart ganske fortvila, seier ho.

- Alt rasa eigentleg saman for meg, fortel ho. I tolv år har Ekornes-fabrikken på Stranda vore hennar trygge arbeidsplass.

Fyrstegangs arbeidsledig

Om leiinga i konsernet får det som dei vil , går det kapitlet no mot slutten. I går vart dei vel 70 tilsette informerte om nedleggingsplanane.

Rolf Giskehaug
Foto: Åge André Breivik / NRK

- Eg vart litt paff. Nei, eg vart veldig paff, seier Rolf Giskehaug.

Han har jobba i 32 år på fabrikken. Dersom planen som vart lagt fram i går blir godkjent i konsernstyret blir han i ein alder av 58 år no arbeidsledig for fyrste gang.

Men etter at sjokket hadde lagt seg kom tankane om at dette har vore i emning lenge.

- På ein måte, når eg byrjar tenke meg om, har eg nok sett tendensen siste året. Dei satsar lite her på Stranda, fortel han.

- Så mange spørsmål

- Investeringane og slikt har dei skrinlagt. Dei hadde ei tomt til nybygg i eit industriområde fram i dalen, og den selde dei attende til kommunen, seier Giskehaug.

- Då kom nok tankane om at dei i alle fall ikkje ville satse på Stranda.

Salet av tomta kom hausten 2008, og førte til at dei tilsette byrja sjå kva som kunne skje. Men likevel var det eit sjokk, seier Rita Helen Langø.

- Du får så mange tusen spørsmål som går gjennom hovudet: Kva skal du gjere no? Kva skjer no? Men det er umogleg å vite, seier ho.

Firedagersveke ikkje nok

- Vi veit ikkje om vi har ein jobb å gå til, eller om vi får noko anna. Det må berre synke inn fyrst, men dette har nok ikkje gått opp for meg enno, seier Langø torsdag kveld.

Fredag er fridag for heile fabrikken, etter at Ekornes-konsernet i desember innførte firedagersveke for sine tilsette. Dette tiltaket viste seg å ikkje vere nok, og difor kom børsmeldinga torsdag om at 180 årsverk no blir kutta.

Kåre Fjørstad

Kåre Fjørstad er hovudtillitsvald på Ekornes Stranda. No går det mot slutten for den perioden.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Hovudtillitsvald Kåre Fjørstad ved Ekornes i Stranda hadde ein lang dag torsdag. Han måtte støtte kollegene sine, samstundes som han måtte svare på spørsmål frå pressa om kva han tykte.

- Tung dag

- Det har vore ein tung dag, men likevel har det letta litt for oss tillitsvalde, seier han. Sidan slutten av oktober har han visst at noko kom til å skje.

- No har vi kunne opne oss for dei tilsette, etter å ha følt at vi har skjult noko i ein lang periode, seier han.

Han fortel om dei mange som ligg an til å miste jobben, einslege med hus, fire ektepar der begge blir arbeidsledige. I tillegg gjekk det torsdag kveld opp for han at hans eigen jobb også forsvinn.

- Eg lyt vel tenke på meg sjølv og etter kvart, seier han, som har 33 år bak seg på fabrikken. No vil han jobbe for at flest mogleg av dei tilsette får halde fram i konsernet.

- Ein blir litt tom

Britt-Unni Rødset
Foto: Åge André Breivik / NRK

Britt-Unni Rødset blir snart 60 år, og hadde tenkt å halde fram i jobben på Ekornes til ho nådde pensjonsalderen.

- Det har liksom ikkje gått heilt opp for meg at det er slik det skal bli, seier ho.

- Ein blir litt tom. Kva utsiktene er no veit eg ikkje, men eg håper, seier ho ettertenksomt.

Siste åra har ho budd eit steinkast unna arbeidsplassen sin, og fulgt med på når lyset kjem på om morgonen. No er det ukjent kor mange dagar som gjenstår før det er mørkt i fabrikklokala ved sjøkanten i Stranda sentrum, noko Rødset ikkje ser fram til.

- Kvar helg har vi sagt god helg når vi gjekk heim frå arbeid. I dag sa vi berre "ha det". For denne helga blir ikkje god for nokon av oss.