Hopp til innhold

Ekornes innfører 4-dags veke

Ekornes innfører 4-dagsveke frå neste veke.

Ekornes-fabrikken på Ikornnes

Ekornes-fabrikken på Ikornnes i Sykkylven er mellom dei som no får 4-dagsveke for sine tilsette.

Foto: www.ekornes.no

Vedtaket gjeld for Ekornes sine fabrikkar og administrasjon på Nordvestlandet, og vil vare frå veke 50 til februar neste år, skriv selskapet i ei pressemelding.

Ordninga skal i følge selskapet vere basert på ei frivilleg ordning med dei tilsette, der dei får betalt for halve dagen dei no får fri.

Dagens melding frå Ekornes-konsernet har ført aksjekursen ned med over ni prosent. Kursen har gått ned siste året, men det er tydeleg at kursen blir påverka av siste nyhenda frå selskapet.

1100 påverka

1100 tilsette ved møbelfabrikkane på Nordvestlandet blir påverka av ordninga. Mellom desse er samtlege tilsette ved hovudkontoret i Sykkylven.

Funksjonar som sentralbord, ordreregistrering og forsendingar skal operere som normalt, i følge selskapet.

Grunnen til tiltaket er at ordreinngangen frå marknadane i Europa, USA og Asia den siste tida har vore lågare enn produksjonskapasiteten.

- Den største svikten er i USA, Storbritannia og delvis i dei nordiske marknadane, og minst i Sentraleuropa, seier viseadministrerande direktør Øyvind Tørlen til Reuters.

Endeleg avgjerd i januar

Nils-Fredrik Drabløs
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- Selskapet ser inga snarleg betring i desse marknadane, skriv administrerande direktør, Nils-Fredrik Drabløs, i pressemeldinga.

I løpet av januar blir det bestemt kva for permanente tiltak som setjast i verk for å tilpasse produksjonskapasiteten.

Selskapet meiner likevel at fjerde kvartal i år vil bli påverka i liten grad av dei tiltaka som no blir sett i verk.

- Vi vil ikkje vere meir presise enn at 20 prosent av kutt i kapasiteten er fyrste tiltak, så får vi vurdere om det er nødvendig med meir, seier Tørlen, i følge Reuters.

Video nsps_upload_2008_12_4_20_43_42_2778.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.