Det er særleg politikarar frå Finnmark som går inn for dette, men forslaget møter stor motstand i fiskerinæringa.
Aspli seier fylkslaget vil jobbe for at dette ikkje skal bli vedtatt, mellom anna når saka skal opp i sentralstyret i partiet.
- Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal er samrøystes i mot ei regionalisering av fiskekvotar og fiskeressursar, seier Amli, som meiner alle skal ha lik rett til nasjonale interesser.
Også kystutvalet i Arbeidarpartiet går imot å innføre ei regional forvalting av fiskekvotar.
Utvalet meiner kvotesystemet som er i dag i hovudsak skal vidareførast, men eit fleirtal går inn for at fylkeskommunane skal kunne opprette ressursselskap som kan eige og disponere fiskekvotar.
Målet med det er å sikre råstofftilgangen i fylket.
Førsteretten?
Eit slik forslag kan medføre at fiskarar frå Finnmark får førsteretten til å ta opp fisken utanfor Finnmarkskysten - framfor fiskarar frå andre stader i landet.
Det er altså særleg politikarar frå denne regionen som har fronta dette synet, og sjølv om intensjonen om å satse på kysten og auke verdiskapinga er god, reagerer fiskerinæringa.
- Arbeidarpartiet vil samarbeide med næringa for å finne fram til ei løysing, seier Aspli.
Sjølmotseiande?
Fiskebåtredernes Forbund meiner kystutvalet i Arbeidarpartiet seier mot seg sjølv.
Audun Maråk
- Samtidig som utvalet går imot ei regional kvoteforvalting, opnar det for at lokale ressursselskap skal fordele kvoter, seier administrerande direktør Audun Maråk til NTB.
Han meiner utvalet legg opp til at politikarar på lokalt nivå skal fordele kvoter, og det er dette fiskerinæringa er imot, ifølge Maråk.
Forslaget om distriktskvoter og fylkeskommunale ressursselskap som skal fordele kvotar kan kome til å hindre at flåten blir tilpassa ressursane, fryktar Maråk.