Hopp til innhold

- Aldri berre hjelpefarty

Bourbon Dolphin var hovudfarty under heile operasjonen med å flytte riggen Transocean Rather. Det sa tow-masteren på riggen i dagane før Bourbon Dolphin ulukka under høyringa i Oslo i dag.

 

Den norske skipet "Bourbon Dolphin"
Foto: Johannessen, Tor Andre / SCANPIX

Tow-masteren styrer flytteprosessen frå riggen, og har kontakt med dei fartya som er med. Ross Watson hadde denne oppgåva fram til tre dagar før ulykka, og er den første av tow-masterane som skal forklare seg.

 

Undersøkelseskommisjonen etter Bourbon Dolphin-forliset

Fire av dei fem i undersøkingskommisjonen. F.v. politiadvokat Yngve Skovly, marinekoordinator Dag Andreassen, lagdommar Inger Lyng (leiar av kommisjonen), specialist engineer Guro Høyaas Løken.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Hadde hovudoppdrag

- Bourbon Dolphin var eit svært godt farty som hadde høgare spesifikasjonar enn det som var kravd. Derfor var det eit godt skip for formålet, og det skulle vere med på alle operasjonane, sa Watson.

Watson gav beskjed til besetninga på Bourbon Dolphin straks dei kom til feltet om at dei skulle ha ansvaret for å feste to store anker. Såleis var planen heile tida at båten ikkje berre skulle vere hjelpefarty. Tidlegare har besetningsmedlemmer frå Bourbon Dolphin forklart at dei trudde dei skulle vere hjelpefarty, men at rolla vart endra etter kvart. Watson sa at han sjølv gav beskjed om at Bourbon Dolphin skulle ha eit hovudoppdrag - har nokon sagt noko anna, får det stå for deira rekning, sa han. 

Vanleg å avbryte

Ross Watson forklarte også at det er vanleg at farty må avbryte operasjonar dersom noko går gale, til dømes om det blir for mykje avdrift. Men han har aldri opplevd at manglande krefter i eit farty har tvinga det til å avbryte ein operasjon.

På direkte spørsmål om kvifor Bourbon Dolphin fekk problem, svara han at det skjønte han ingenting av. Båten hadde nok krefter. Kvifor han ikkje kom seg tilbake på kurs, kunne ikkje Watson svare på.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL