Sei og suppa

Frode Selvaag frå Sandeid i Ryfylke er kokken bak oppskriften på sei og suppa.

Foto: Elin Engelsvoll

Sei og suppa

For vår familie har dette i adle (me seier «adle», så får adle andre seia «alle») tider vore høgtidsmat. Enkelt og genuint i smak. Lukka er stor når familien er samla og suppa står på bordet.

Slik gjør du

Reinsk fisken godt, skjer han så i skjever. Legg fisken i kaldt, rennande vatn ca. 1 time.

Kok opp 5 liter vatn i ein stor og god kjele. Ha i salt. Det skal smaka så salt som sjøvatn! Ha gjerne laurbærblad oppi, for å få litt meir smak på krafta. Men det likar ikkje farmor mi, så du kan godt droppa det!

Imens så vaskar du 1 purreløk og skreller 5 gulrøter. Skjer både purreløk og gulrøter i skjever.
Når vatnet har kokt opp, legg du i fiskestykka. Lat desse trekkja i ca. 15 minutt. Det er viktig at du ikkje har varmen på meir enn svakaste styrke.

Set på potetene når du legg oppi fisken. Kok potetene i salta vatn.

Nå går me i gang med suppa. Hugs å halda fisken varm imens. Han skal framleis liggja i kjelen med kraft.

Suppa
Smelt 60 gram smør i ein tjukkbotna kjele. Ha i 60 gram kveitemjøl og rør. Då får du ei lys jamning. Set opp varmen og start å spe med den varme fiskekrafta som seien ligg i. Ha i ca. 1 liter kraft, kanskje litt meir. Kok suppa på svak varme i 10 minutt, ha i fløyte og gulrot, kok 5 minutt til. Ha så i purreløken, lat den få koka med i 2 minutt. Smak til med salt og litt pepar.

Nå er det mat!
Du kan velja å eta suppa før fisken. Me et alt i lag, det er best! Og då gjer du slik: Legg seistykka på eit fat og ha potetene på bordet i ein bolle. Suppa må også på bordet! Ha potet og fisk på ein tallerken, og suppe i djup tallerken på sida. Hugs fat til reinsking og ikkje minst, hjelp dei små borna først. Smelta smør smakar også godt på potetene.

Tips

Hør Frode Selvaag, Tor Øyvind Skeiseid og Lene Klovning Jørpeland fra Formiddagslokalen i NRK Rogaland.

Kilde: Matgleder i Ryfylke