NRK Meny
Laster innhold, vennligst vent..
Lefse (lemse)

Denne lefsa skal kjevlast med både rilla og ruta kjevle, og smørjast med smør og sukker til slutt.

Foto: Tove Iren Ryttervold / Kalsa Gårdsbakeri

Lemse (lefse)

Lefseoppskrift med både rug og kveite, og med smør og sukker inni.

Slik gjør du

I tillegg til bakeråvarene bruker du ruta kjevle, rilla kjevle, trinse, stikke og flat stikke («punnistikkar»).

Deigen

Sirup og ein kopp kulturmjølk varmast og rørast saman. Mjølk og mjøl bør ha romtemperatur. Kulturmjølk, sirupblanding og fløyte has så i ein bolle. Ha i salt, hornsalt og bakepulver, og rør saman. Mjølet siktast i til deigen har passe konsistens.

Ta passe store emne, mellom 100 og 150 gram deig. Lemsene blir tjukkare med større emne. Bruk rilla kjevle først, deretter ruta. Trinsa er fin å bruke til slutt, for å få ut det siste i kantane.

Før du skal steike, rulles leivane rulles over på stikka. Og når leivane skal snuast, er det kjekt å ha ei flat stikke.

Steik raskt på takke med høg varme på takka. Legg leivane bretta inn i bretta klede, og la dei kvile til du skal smørje. Pakk gjerne inn i plast før smørjing.

Smørjing

Smør halve leiven, og brett. Klippes på skrå. Du kan også lage spjell (trekantar).

Kilde: Tove Iren Ryttervold / Kalsa Gårdsbakeri i Julebakst på NRK1, 2016