NRK Meny

Steinar Lindstrøm tryllar fram flott frikassé saman med Gro Ravnestad. Foto / redigering: Stine Kyrkjebø Johansen

Lammefrikassé

Lammefrikassé er god, gamaldags søndagsmiddag. Steinar Lindstrøm viser deg korleis du lagar den gode frikassésausen.

Slik gjør du

Start med å på koke lammekjøtet i 2 - 2,5 timar. Kjøtet skal vere godt kokt. Ta vare på kjøtkrafta.

Deretter lagar du ein fyldig god saus. Fres grønsakene og smør i ei panne og tilsett kveitemjøl. Lat det frese til mjølet har fått ein litt kvit farge. Då er råsmaken vekke.

Det skal vere rundt 50 gram smør og 40 gram mjøl til 1 liter kjøtkraft. Ha i kjøtkrafta og sausen koke i rundt 20 minutt og tilsett cirka 2 dl kremfløyte. Smak til med salt og pepar.
Dersom du er veldig glad i saus kan du sjølvsagt auke opp mengda.

Server kjøtet på eit stort fat og slå litt saus over. Resten av sausen blir servert i ei skål ved sidan av. Det er godt med kokte poteter og ulike typar grønsaker til lammefrikasseen.

Kilde: Steinar Lindstrøm