Nærbilde av byggotto med urter på.

Byggryn kan erstatte ris i veldig mange retter.

Foto: Ryfylkekokken

Byggotto med aromasopp og ost

Byggotto er den norske varianten av den italienske klassikaren risotto, berre med byggryn i staden for ris. Denne blir kokt i god kraft, og får følgje av sopp og ost.

Slik gjør du

Dette er ein smaksrik byggotto av næringsrike heile byggryn. Du må planlegge litt og legge kornet i bløyt over natta. Så siler du av vatnet i eit dørslag dagen etter.

Finkutt sjalottløk, kvitløk og sopp.

Surr dette med smør i panna før du etter kvart tilset byggryn.

Tilsett cirka 2 dl væske, rør medan det koker. Når væska er nesten fordampa tilset du 2 dl til. Sånn held du fram til du har brukt all væska.

Ha så i kvitvineddiken, og rør om.

Skru deretter ned varmen og vent til nesten alt er absorbert.

Då tilset du den rivne osten. Vend denne forsiktig inn.

Til slutt lèt du byggottoen stå i nokre minutt for å «setje seg».

Kilde: Ryfylkekokken Frode Selvaag