Ryfylkekokken Frode Selvaag er forkjempar for bygg.
Bygg er betre for kroppen enn kveitemjøl, seier han.
Foto: Ryfylkekokken– Bygg er smakfullt og mykje sunnare enn enn kveitemjøl. Eg blandar i bygg når eg baker, i smoothies, gryteretter, graut. Eg er svært glad i «riskrem» med bygg, det gir mykje meir smak.
Bygg kan brukast i det meste, til dømes friske salatar.
Ha gjerne nokre boksar med ferdigkokte byggryn i frysaren, hiv dei i gryter og fruktgraut eller berre nyt dei med rørte tyttebær og mjølk. Selvaag ser at byggrynslunsj og liknande blir meir og meir populært.
Byggrynet senkar kolesterolet, er proppfullt av antioksidantar og har «lang energi». Dei som spring langt og toppidrettsutøvarar, dei liker byggen fordi energien varer mykje lenger. La deg inspirere og lag byggotto.
– Nå ser vi krigen fører til kveitemangel.
Frode Selvaag meiner dette er ein av faktorane til at byggen nå får ein renessanse.
– Auka bruk av bygg styrkjer sjølvforsyninga vår og klimarekneskapen. Det er eit berekraftig mjølval.
Bygg har lita bakeevne, sjølv plar han blanda det inn med anna mjøl når han baker. Er du nysgjerrig om du får til å bake med bygg, prøv dette brødet.
Bygg er den eldste kornarten i Noreg, og Selvaag meiner kornet er ein sterk del av vår kulturarv, og at vi bør ta arven tilbake. Bytt ut ris eller pasta med bygg, då begynner du å sjå kva som er mogleg.
I gryterettar kan du bytte deler av kjøttdeigen ut med bygg, eit godt sparetips i dyrtida vi er inne i. Byggen er òg veldig god til salater med anten grønsaker eller til dømes sjømat.
Klikk her for fleire oppskrifter med byggryn.