Hopp til innhold

Tid for tyttebær

Fyll bøtter og spann med sjølvplukka bær! Eller finn dei i butikken. Vi har funne fram nokre gode tyttebæroppskrifter.

Tyttebærkake på stettfat.

Desse nordiske superbæra blir ofte til syltetøy, men det er fleire andre måtar å bruke dei på.

Foto: Carina Ahlskog / YLE

Det ser ut til at bærplukking har fått ein renessanse dei seinare åra, og det gir mykje glede å hauste frå naturen. I tillegg til at det er heilt gratis, gir det oss flotte naturopplevingar.

Tyttebærsesongen varer frå august til oktober og bæra kan plukkast heilt til snøen kjem. Dei blir til og med betre etter ei frostnatt.
Bæra er antioksidantbomber og inneheld i tillegg E-vitamin, C-vitamin og pektin.

Søtt og friskt

Karamellpudding med crême brulée lokk og rørte tyttebær. Kokken Paul Svensson kombinerer smakar frå barndommen og lagar ein lekker dessert.

Enklare blir det ikkje

Ein superenkel måte å ta vare på tyttebæra. Når dei får stå kjølig nokre månader får dei ein fin smak av sherry. Så kan du ta dei fram etter kvart og servere dei med sukker og kremfløyte.

Haustrull

Vi har vårrull og sommarrull frå Asia, men haustrullen er norsk! Lefser med norske haust-råvarer.

Det enklaste

Det enklaste av alt er berre å røre tyttebæra med sukker. Det er tradisjonelt følgje til kjøttretter som steik og kjøttkaker.

«No bake cake»

Kaker som ikkje skal bakast i omnen er enkle å lage. Du treng berre ein blendar eller stavmiksar. Tyttebærkaka treng noko søtt og blir servert med heimelaga karamellsaus.