Forretningsmannen Stefan Hilt (23) frå Osterøy i Hordaland er tiltalt for bedrageri og dokumentfalsk.
Det er statsadvokatane i Hordaland som vil ha Stefan Hilt for retten, tiltalt for ei rekkje tilfelle av bedrageri, forsøk på bedrageri og forfalsking av dokument. Forbrukerinspektørene konfronterte i august mannen som kundar, forbrukarombod og politi til då hadde vore makteslause mot.
Ifølgje tiltalen har Hilt forfalska kvitteringar og bankdokument, og slik forsøkt å unndra seg skatt og konkurskrav. Strafferamma for ein del av forholda i tiltalen er to års fengsel.
Leverte ikkje varene
I tillegg til bankar, skattefut, pizza-firma, reisebyrå, hotell og advokatar, skal den unge forretningsmannen har bedratt eller forsøkt å bedra, ei rekkje av kundane sine.
FBI oppsøkte Hilt i august.
Forbrukerinspektørene fortalde i august at kundar hadde betalt inn tusenvis av kroner i betaling for modifiserte PlayStation 2-maskiner dei bestilte på internett. Multimedia Import, som Hilt står bak, lova å sende dei dyre maskinene i posten.
I svært mange tilfelle såg kundane ikkje noko meir til korkje pengar eller maskin. I FBI-reportasjen hevda Hilt at han ikkje lenger var ansvarleg i firmaet, men at han likevel ville ordne opp for kundane sine.
Flere tilfeller
Politiet i Hordaland fekk fortgang på saka, og politiinspektør Beate Åsnes fortel at det etter FBI-oppslaget kom inn fleire nye politimeldingar på Hilt, som vil bli plussa på tiltalen mot han.
Lurte seg unna
FBI kjenner også til at Hilt har lokka kundar til å trekkje politimeldingane mot han. Han har forsikra dei om at han straks skulle betale dei pengane han skulda. Hilt betalte aldri pengane, fordi han visste at ein person berre kan meldast til politiet ein gong, for eitt og same straffbare forhold. Politiet har av allmenne omsyn også fått dei tilbaketrekte meldingane med i tiltalen.
Trass sin unge alder har Stefan Hilt vore ein høgt profilert forretningsmann i Bergens-området. Import av PlayStation-maskiner frå Japan gjorde mannen til millionær. Samstundes la han seg ut med underhaldningsgiganten Time Warners. I retten vann vestlendingen kampen om retten til domenenamnet harrypotter.no.
Denne gongen, i Bergen Tingrett, vil ikkje kampen stå om rettane til eventyrfigurar som kan trylle. Men om Hilt sin eigen fridom.