Hopp til innhold

Stansar ulovlege mobil-forsterkarar

Nordmenn nektar å vente på betre mobildekning, og bryt lova for å kunne ringe der dei vil. Det vil ikkje myndigheitene og teleoperatørane godta.

Mobiltelefon i fjellet

Hytteeigarar som tar seg til rette i mobilnettet skal ikkje kunne gjere det ustraffa, åtvarar Post- og teletilsynet og teleoperatørane.

Foto: Colourbox.com

Mobildekning

Mange nordmenn er ikkje villege til å vente på betre nettdekning, og tar i bruk ulovlege metodar for å kunne ringe frå hytta og andre stader utanfor dekninsfeltet.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK
Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge.

Foto: Telenor

Fleire og fleire kjøper mobilforsterkarar og set dei opp sjølve for å få dekning der det ikkje finst.

Utstyret er fullt lovleg å kjøpe i utlandet. Men å ta det i bruk, er ikkje greit.

No går myndigheitene og teleoperatørane saman for å stanse bruken av desse ulovlege mobilnettforsterkarane.

– Det er eit problem at desse veldig ofte skapar store kvalitetsfall, seier dekningsdirektør i Telenor Bjørn Amundsen til NRK.no.

Forsterkar dårlege signal

Mobiloperatørane finn ifølgje Amundsen ein forsterkar i ni av ti tilfelle når dei får meldingar om mobilnettet er sterkt forstyrra. Det som skjer, er at forsterkarane plukkar opp dårlege signal, og forsterkar desse, forklarar han.

– Det kan vi ikkje tillate, seier dekningsdirektøren.

Teleoperatørane Netcom, Telenor og Mobile Norway vil ha slutt på praksisen, og seier dei vil reagere strengt om dei oppdagar slikt utstyr i deira nett.

– Vi kan ikkje akseptere at privatpersonar set opp utstyr som forstyrrar mobilnettet og øydelegg dekninga for andre kundar, heiter det i ei felles fråsegn frå selskapa.

Dei hevdar at slike apparat øydelegg for kundane og at problemet er ressurskrevjande for teleselskapa.

Billig, enkelt og ulovleg

Å skaffe utstyret er verken dyrt eller vanskeleg. Eit søk etter «GSM Repeater» på auksjonssida Ebay gir over 50 treff på forhandlarar frå Kina, Hongkong, Japan, USA og Tyskland. Prisen startar på nokre få hundrelappar.

Å bruke utstyret er heller ikkje spesielt vanskeleg. Den vesle boksen har ei antenne som fangar opp signal frå mobilmast i nærleiken. Apparatet skal berre hengast opp ein passande stad og koplast til straumnettet.

Utstyret er også til sals i Noreg. Amundsen er forundra over at norske selskap sel dette utstyret, då dei veit at det ikkje kan brukast lovleg.

Willy Jensen

Direktør i Post- og teletilsynet Willy Jensen trur mange hytteeigarar bryt lova.

Foto: Svein Erik Dahl / Samfoto

Direktør Willy Jensen i Post- og teletilsynet seier at dei reagerer sterkt på at nokre forhandlarar tilbyr slikt utstyr, og at dei på den måten er med på å freiste kundane til å gjere noko ulovleg.

– Vi trur det er mange som gjer dette. Spesielt gjeld dette hytteeigarar som set opp apparatet for å gjere si eiga dekning betre, og samtidig øydelegg for andre, seier han til digi.no.

Teleselskapa bestemmer

Mobilnettet fungerer bra mange stader, men nokre stader er det ikkje godt nok. Innskjerpinga frå myndigheitene og teleoperatørane betyr ikkje at det skal vere umogleg å skaffe mobildekning på stader der ein ikkje har det no.

Men det er ikkje lov å gjere dette på eiga hand. Ein må ha fått godkjenning frå teleselskapa først.

Det har aldri skjedd, og kjem heller aldri til å skje, ifølgje Telenor og NetCom. Det er deira rett å bestemme kvar dei vil byggje ut, opplyser Post- og teletilsynet.

– Det er teleselskapa sjølve som bestemmer om det lønner seg og om dei vil bygge ut. Sidan dei har oppfylt krava i konsesjonen, er det deira rett, seier informasjonsdirektør Elisabeth Sørbøe Aarsæther til NRK.no.

Mobiltelefonen

Det finst lovlege måtar å få dekning på mobilen, men dette må bli godkjent av teleoperatøren først.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Eige mobilnett heime

Dekningsdirektør Amundsen i Telenor fortel at dei har fleire måtar å fikse dårleg mobildekning.

  • Fasttelefon er framleis ei løysing for mange.
  • Det er mogleg å bruke antenneforlengarar til telefonar med ekstern antenne.
  • Ein kan kople seg på breiband og ringe via datanettet.

Telenor kjem også frå neste år til å tilby ein teknologi som blir kalla femtoceller. Det er i praksis ein eigen basestasjon som ein kan plassere i si eiga stove, og som sender ut signal som gir mobildekning. Femtoceller krev internettilkopling, og krev at ein har breiband heime.

Network Norway tilbyr femtocelle-teknologien allereie no. Telenor vil tilby teknologien frå neste år, men må først bytte ut ein del av teknologien sin lik at alarmsentralane kan sjå kvar eit nødanrop kjem frå.

Teknologien vil løyse mobildekningsproblemet for nokre, men vil stort sett berre virke inne i huset der femtocella er plassert.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)