Når eg er her på Svalbard, blir eg audmjuk. For her er alt så storslått og mektig. Det seier Hildegunn Gjesdahl. Ho er turist frå Nordfjord som nyleg besøkte øyriket i nord.
Havet er stort, og himmelen er høg, og vi blir så små, seier ho. Vi har godt av å relatere oss til ein Gud som er større enn vi.
Det er godt å ha tid til berre å sjå seg om. Her kan eg undre meg over kor stor og mektig Gud er.
Kyrkja på Svalbard er eit av dei mange turistmåla når folk kjem til øyriket.
Det å kunne bruke naturen som eit tempel her, er fint. Det finst ingen motsetnad mellom det å vere i kyrkja eller å gå i naturen og møte Gud. For meg er det heller snakk om eit "både-og", seier ho.
Teksten er skriven for nett av Helge Helgheim.