Hopp til innhold

Marit nappa ut håret sitt – vart skalla

Ho skjønte ikkje kvifor og trudde ho var galen. Utruleg nok viste det seg å vera ein ganske vanleg sjukdom.

To bilder av samme person, en kvinne i 20-årene. Gul genser, lys i huden. På bildet til venstre ser du henne med brun langhåret parykk, hun smiler til kameraet. På bildet til høyre ser du hodet hennes uten parykk. Hun har synlige flekker uten hår.

Slik såg Marits hovud ut i ein av dei verste periodane (til høgre). Ho vart så lei at ho kjøpte seg ein parykk (til venstre).

Foto: Privat

Då Marit Sletnes (28) frå Sunndalsøra gjekk på ungdomsskulen, var foreldra og lærarane dei fyrste som la merke til at ho nappa ut hår.

– Dei såg det før eg gjorde det sjølv. Det var heilt ubevisst, seier Marit.

Til slutt var det ein hårlaus flekk på toppen av hovudet til Marit.

– Eg hugsar godt at det var ein gut som ropte etter meg: «måne!» Det gjorde vondt. Og eg skamma meg frykteleg, innrømmer Marit.

Marit prøvde å slutta, og nemner nokre knep ho lærde seg:

– Eg sette meg på hendene mine, og det hjelpte i augeblinken. Eg dekka også flekken med ein liten hestehale. Då vart det vanskelegare å komma til.

Etter kvart klarte ho å stoppa. Så gjekk det nokre år.

Hårnappinga kjem tilbake

Marit reiste til Trondheim for å studera. Ho hadde vore god på skulen, og gledde seg til studia. Men det vart ikkje som ho hadde håpa.

– Hårnappinga kom tilbake med full kraft. Eg nappa hovudhår, men det gjekk òg utover hår andre stader, til eksempel augebryna mine, seier Marit.

– Eg oppdaga at det vart verre med stress, og det var jo jamlege eksamenar og prøver. Eg nappa og meir når eg konsentrerte meg. Då vart det til at eg grua meg til å lesa – så det enda med at eg unngjekk bøkene, vedgår Marit.

Kvinne med kort hår på lesesalen med hand i håret og oppgitt blikk.

Marit synest det vart vanskeleg å la vera å nappa når ho leste.

Foto: privat

Det vart rett og slett for mykje. Det enda med at ho braut av studia før eksamen.

Det Marit enno ikkje visste, var at ho leid av ein vanleg, men likevel ganske ukjend sjukdom kalla trikotillomani eller hårnappingsliding.

Neglebiting og pirking i nasen

Hårnappingsliding er ei av fleire i ei stor gruppe psykiske lidingar som blir kalla «Kroppsfokusert repeterande åtferdsliding, KFRL».

Her finn vi òg neglebiting, plukking av hud, biting i kinn og elles ei lang liste med andre typar handlingar retta mot eigen kropp.

– Desse handlingane treng ikkje å by på problem, men når ein mistar kontrollen og trongen fører til sterke plager eller fysiske sår, treng ein hjelp, fortel psykiater og forskingsleiar Benjamin Hummelen på Oslo Universitetssjukehus.

KFRL er blant dei minst kjende og underbehandla psykiske plagene.

– Desse lidingane er mykje meir vanlege enn folk trur. Forskinga vår viser at éin av tjue har dei i ein slik grad at dei ville ha nytte av hjelp, legg forskaren til.

Hodet til en kvinne sett ovenfra med sår i den hårløse hodebunnen.

Marit fekk sår i hovudbotnen.

Foto: Privat

Hummelen fortel vidare at trongen til å gjenta handlinga ofte dukkar opp saman med depresjon, angst, stress eller når ein kjedar seg. Det er ein slags strategi for å regulera kjenslene, og det kan vera både medvete og umedvete.

Forskingsleiaren og teamet hans vil at desse sjukdomane skal bli meir kjende blant helsearbeidarar og vanlege folk.

– Lidingane blir ikkje tatt på alvor, dei vert ofte bagatelliserte og misforståtte. Pasientane vert gjerne spurde: «Kvifor kan du ikkje berre slutta?» Men det er ikkje så enkelt: Det er ein slags avhengigheit, som slektar på anna rus- og spelavhengigheit, avsluttar Hummelen.

Trikotillomani - eller hårnappingsliding - er meir vanleg enn folk trur.

Kva er trikotillomani? REGI/MANUS: BERTE HILMO

Skam

Marit skamma seg over dei hårlause flekkane på hovudet. Til slutt gav ho opp og kjøpte seg ein parykk.

– Eg ville ikkje at nokon skulle sjå hovudet mitt. Eg trudde eg var heilt åleine om dette problemet og var overtydd om at eg var galen, fortel ho.

Omsider oppsøkte Marit ein lege. Ho vart både overraska og glad då ho fekk diagnosen.

– Det var ei enorm lette! Plutseleg skjønte eg at eg ikkje var åleine. Eg drog rett heim og googla trikotillomani. Eg fann straks ei Facebook-gruppe med folk med denne lidinga frå hele verda. Det hjelpte veldig.

Ung kvinne med barbert skalle ser utfordrende inn i kamera.

Marit syntest det var herleg endeleg å kunna vera open om problema.

Foto: Privat

Legen sende Marit til behandling. Denne verka bra ei stund, men så kom trongen til hårnapping veldig tilbake. Då såg ho ikkje annan utveg enn å barbera av seg alt håret.

– Det var frigjerande, seier Marit. Sidan få jenter er snauklipte, var det mange som spurde kvifor eg hadde barbert meg, og då kunne eg byrja å fortelja kva eg leid av. Mykje av skamma forsvann med det.

Det finst hjelp å få

Erna Moen, no pensjonert psykiatrisk sjukepleiar og terapeut, var den første i Noreg som starta å behandle trikotillomani. Ho fortel at mange av dei som har dette problemet verkeleg lid.

– Dei skjønar ikkje sjølve kvifor dei ikkje klarer å slutta, og mange blir svært fortvila, fortel terapeuten og fortset: Nokre unngår vanlege fritids- og sosiale aktivitetar for å halda hårtapet skjult. Andre går så langt at dei avstår frå intime relasjonar eller isolerer seg frå omverda, seier den erfarne terapeuten.

– Men det er hjelp å få. Vi har hatt oppsiktsvekkande gode resultat med behandlinga vår, avsluttar terapeuten.

Du kan få behandling for KFRL i Oslo eller i Trondheim.

Ung jente utan hår held opp to hender foran munnen. På dei har ho skrive: SEE MEE STAND

Marit posta dette bildet av seg sjølv på Instagram i samband med ein kampanje for openheit rundt KFRL. (Engelsk: BFRB /Body focused repetetive behaviours)

Foto: Privat

Mobil og strikketøy

Marit plukkar ikkje lenger hår, verken her eller der.

Ho kjenner rett og slett ikkje trongen lenger. Ho passar likevel på å ha mobilen eller strikketøyet klart når ho ser på TV.

– Eg må nok alltid vera førebudd på at lidinga kan komma tilbake. Men etter at eg barberte hovudet, har eg så å seie ikkje hatt periodar med napping. Eg nyt å vera fri frå tvangen og er utruleg glad for at eg slepp å bruka meir tid på å tenkje på hårnapping.

Jente med kul hårsveis og fint smil ser glad inn i kamera.

Marit har det bra i dag, og er straks ferdig med nye studiar.

Foto: Mina Hildebrand Fredriksen

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)