Dei kler seg fint, folk i Pakistan, og dei blir stilige! Det seier Hege Håkedal etter at ho har vore der. No bur ho i Mehamn i Finnark.
Ein blir svært synleg når ein er kvit i Pakistan. Og som kvinne kan eg aldri gå aleine. Eg kan gå saman med andre kvinner, men ikkje berre eg aleine, seier ho.
Det er bøn fem gonger om dagen. Eg vart vekt av minoreten kvar morgon i 6-tida. Dei andre ber mens det er andre i rommet, men pakistanarane gjer seg ikkje noko av det.
Rollene er også annsleis enn her heime. Dersom det er menn til stades, må kvinnene dekkje til håret. Men er det berre kvinner til stades, kan eg ha sjalet hengjande rundt halsen. Men så snart det kjem ein mann, må eg ta det på hovudet.
Og var eg ikkje snar nok til å dekkje til hovudet, fekk eg eit spark på leggen av dei narmaste kvinnene som sa at no var det tid til å ta på hovudplagget.
Det å dekkje til håret er gjort i respekt. Det har eg vanskeleg å forstå. For meg blir det rart, fordi eg synest det blir gale å dekkje til håret for å hindre at ein mann skal få "skitne" tankar om meg. Frå min synsstad blir dette diskriminering.
Men det er store skilnader på folk, helst mellom by og land. Dei som har hatt vestleg kontakt og kan å snakke engelsk, ser ut til å vere meir liberale og har om lag same oppfatning som eg.
Eg synst det er vanskeleg å skilje mellom kultur og religion. Det går nesten i eitt, og da er alt saman i mine auge ein form for kultur. Så her blir det eit anna kvinnesyn enn det vi er vane med.
Her heime i Noreg kjenner eg meg priviligert. Eg får gjere kva eg vil. Eg vår velje sjølv, eg er likestilt og får lov til å vere kvinne, seier Hege Håkedal.
Teksten er skriven for nett av Helge Helgheim.