Babi og Kuukie Rifkin har teke flyet frå New York til Israel tre gongar det siste året. Det var nok til å tene opp ein gratistur med bonusprogrammet til flyselskapet El Al.
Reiseglade kattar
Elayne Rifkin var med kattane sine på flyturane til og frå Israel. Ho fortel at Babi og Kuukie er svært glade i å reise.
– Vi er i Israel om lag fire gongar i året, fortel Elayne. Kattene vart fødde i Israel, og dei elskar å kome heim til fødelandet sitt, skriv den amerikanske nyhendetenesta NCBuy.
I dag har Babi og Kuukie grunnkortet til El Al, men dei får vonleg Platinium-kort om ikkje lenge.
Sparte 3 500 kr
Elayne og kattene hennar sparte nesten 3 500 kr på gratisturen til Israel.
– Eg er så glad for at El Al lot kattene mine tene opp bonuspoeng, seier Elayne. Utan bonuspoenga hadde vi ikkje hatt råd til å reise så ofte heim til Israel.